Ski & Surf

måndag, september 24

Veke(7)bildet!


Segltokt til Orknøyane

Etter ei roleg helg heime tok eg turen til Bergen for å borde Noregs største og eldste seglskute, Statsraad Lehmkuhl. Vel framme møtte eg resten av skulen som allereie var igang med oppropet. Sersjant Sverre roper opp og vi svarer med høge "hoi". Det er motvind og vugginga tek til umiddelbart etter kursendring vestover... Eit kvarter seinare ligg elvar og lærarar strødd utover på stordekk innan rekkevidde av spyrenna. Køen blei lengre ettersom dønningane skifta retning og kom rett inn forfra. Vi få som framleis var friske, holdt oss på trygg avstand på halvdekk og fordekk i frykt for stankens vrede. Eit drag av oppkastens aroma får den mest hardbarka sjømann til å vrenge magen...

Eg var på vaktlag rød, som hadde vakt frå 12 til 4 både dag og natt, vi sette segl, beslo segl, vaska segl og åt ekstremt god mat! hovudmasta er 48 meter høg, røylen, som er det høgaste seglet, heng på rundt 42 meter. Ytterst på dette seglet trengs det folk som kan feste det når ein ikkje brukar det... Heftigaste opplevelsen så langt!:)

Ellers fekk vi ein fin guida tur på orknøyane, og fant ut at været der er akkurat som vestlandets, men gonge 10... Det ekstremt ustabile været vart intet savn idet vi kasta los og sette kursen heimover. Vi ankra opp i fjorden ved skulen, og vart henta inn av småbåtar som kjørte inn og ut fortløpande. Turen var heilt konge, og eg kunne gjerne vore med nåken veker til! Opplevelse for livet!:)

1 kommentar:

Torbjørn sa...

Kult!! Maaler seg nesten med regnvaer og manglende overnattingsplass utenfor Amsterdam..