Ski & Surf

søndag, mars 15

Spotify

http://open.spotify.com/user/derrekk/playlist/4YTxqLTCXHY8ibFUJT7qNI

spotify:user:derrekk:playlist:4YTxqLTCXHY8ibFUJT7qNI

torsdag, desember 27

God jul!

"Hard mot hardt", sa kjerringa.
Ho feis mot tordenværet.

fredag, november 16

Måned"bildet":) Revytider på Nordfjord!

No var det lenge sidan sist...

Masse turar og fancy opplegg har fylt vekene til randen, og no står revyen på planen neste fredag. Eg følgde opp fjorårets posisjon og vart ansvarlig for plakat og diverse pr-greier, så denne veka har gått for seg foran pc-skjermen med unntak av pauseskitur første dagen. Fekk testa ut nyeskia mine og årets første skikkelige deilige pudder.

Dei to revyvekene står som eit av høgdepunkta i året, alle gjer sitt, kosegruppa spring rundt med vaflar og gir klem og massasje, ein gjeng bygge kajakk som alternativt opplegg, og nåken utvalgte reiste til Spania i staden for... Dei ulike gruppene gir alle sjansen til å gjere det dei vil, og kullet blir meir samanspleisa og positivt, digg!:)

Har endå ikkje klart å kave meg til ein elkjøpbutikk for å få fiksa kameraet... men skal få det gjort snart:)

laurdag, oktober 6

Katastrofe!

Det manglar, som alle kan sjå, eit vekebilde. Dette må eg berre beklage. Men det har seg nemlig slik at på Statsraad Lehmkuhl skjedde det noko som ikkje skulle skje. Mitt kjære exilim exs500 bestemte seg plutselig for at etter bildenummer 8836 skulle det være nok. Sliten som det var, med treig linse og dårlig fokus, kom det opp på skjermen som rulleteksten i slutten av ein film, "lens error". Eg prøvde igjen og igjen. Men linsedekselet hadde sett sine beste dagar, og frå linsa kom det ikkje anna enn knirkelydar...

Kva eg kjem til å få til av reperasjonar vil tida vise. Ringte inn, men uten kvittering kom eg ingen vei... Kven veit, kanskje det blir nytt kamera...? Men uansett, dei vekebilda som eventuelt kjem ut framøve, er nok ikkje mine verk...

måndag, september 24

Veke(7)bildet!


Segltokt til Orknøyane

Etter ei roleg helg heime tok eg turen til Bergen for å borde Noregs største og eldste seglskute, Statsraad Lehmkuhl. Vel framme møtte eg resten av skulen som allereie var igang med oppropet. Sersjant Sverre roper opp og vi svarer med høge "hoi". Det er motvind og vugginga tek til umiddelbart etter kursendring vestover... Eit kvarter seinare ligg elvar og lærarar strødd utover på stordekk innan rekkevidde av spyrenna. Køen blei lengre ettersom dønningane skifta retning og kom rett inn forfra. Vi få som framleis var friske, holdt oss på trygg avstand på halvdekk og fordekk i frykt for stankens vrede. Eit drag av oppkastens aroma får den mest hardbarka sjømann til å vrenge magen...

Eg var på vaktlag rød, som hadde vakt frå 12 til 4 både dag og natt, vi sette segl, beslo segl, vaska segl og åt ekstremt god mat! hovudmasta er 48 meter høg, røylen, som er det høgaste seglet, heng på rundt 42 meter. Ytterst på dette seglet trengs det folk som kan feste det når ein ikkje brukar det... Heftigaste opplevelsen så langt!:)

Ellers fekk vi ein fin guida tur på orknøyane, og fant ut at været der er akkurat som vestlandets, men gonge 10... Det ekstremt ustabile været vart intet savn idet vi kasta los og sette kursen heimover. Vi ankra opp i fjorden ved skulen, og vart henta inn av småbåtar som kjørte inn og ut fortløpande. Turen var heilt konge, og eg kunne gjerne vore med nåken veker til! Opplevelse for livet!:)

søndag, september 16

Veke(6)bildet!

Splash!

Frå skitur den eine veka går vi over til surfing, boccia og sandslott neste veke! Tirsdagen reiste vi tidlig frå Nordfjord og endte opp i Hoddevika til meterhøge bølger, og den kulaste overnattingsplassen eg nåken gang har vore på.. Det var ingen tvil om at det var ein plass dedikert til surfeglade folk frå både nærmt og fjernt...

Nokre fekk på seg drakter og hoppa i sjøen straks. Vi var delt i to grupper, så mi gruppe måtte vente nokre timar på den første gruppa. Dødtida som oppsto mens den eine gruppa var uti sjøen brukte resten på sandslottbygging, boccia og millionærspeling i kjellarstova på "hotellet"..

Eg klarte etter ein del forsøk å stå ei bølge heilt inn til stranda og fekk smaken på surfing for fullt. Heldigvis skal vi tilbake to gonga til før jul, så her er mulighetane store!

No ventar Statsraad Lehmkuhl neste veke og vi ser fram til ein heftig tur med masse liv og klatring i dei 40-50 meter høge mastene!:)

Håvard Lothe!


Den siste tida har mine to brødre, Erlend og Torstein, spelt konsertar og gitt ut plate.. Mannen dei spelar ilag med heiter Håvard Lothe, og er å finne i alle plateutsalg, både på nett og i butikkane. For dei som likar roleg, mjuk og god kvalitetsmusikk, sjekk ut musikken og kjøp plata! Ligg foreløpig på 8. plass på vg-lista norsk, og på 32 plass på vg-lista topp 40!
Sjekk ut desse linkane:
---Heimesida
---Intervju og sang på btv
---God morgen norge, Håvard Lothe m/band (erlend på synth, torstein på bass)
Velg God morgen norge, tirsdag 4 sept...
"Stumble": 26.12
"Easily": 2.48.12