Ski & Surf

søndag, august 26

Veke(3)bildet!

Spotlights..!!

Jepp, eg og Oddvar har spotlights (med dimmer selfølgelig!) på rommet vårt! Og ikkje nok med det, når vi går ut av rommet, skrur alle lys seg av! Når vi så kjem inn igjen, skrur desse seg på igjen:) Nøkkelen er eit kort, sånne som dei har på hotell, vi har to enorme skap kvar pluss hylla som heng øve senga... rommet kan nesten samanliknast med avisstova på framnes (stort)...


Men det er ikkje berre rommet som skal få sin plass i vekebildet, folka her e heilt kanon.. vi har ikkje hatt noko klassesamling endå, anna enn litt leik på ettermiddagen i går, men eg ser fram til heftige stunder i pudderen og kos rundt bål med ein klasse som er her av akkurat samme grunn som meg: ha eit opplevelsesrikt og avslappande år ilag med andre utan å måtte ha skulen hengande på skulderen!

Internett-tilkoblinga på rommet er endå ikkje oppe og går, så det kan bli litt lite oppdateringa framøve, men eg skal prøve!

søndag, august 19

Veke(2)bildet!

Her er vekebildet! 2.veke

Bortsett frå enkelte tura på jobb, har mesteparten av tida gått føre seg inne, foran pc og tv... Skal bli deilig å komme i skikkelig aktivitet igjen på folkehøgskule kjenne eg!

Været har ikkje akkurat hjulpe på hungeren etter friluft, vi måtte ause båten vår med ei stor balje for å sei det sånn... Ekstremt ustabilt vær har prega parabolsignala, så det har heldigvis blitt litt settlers og yatzy:)

I måra begynne resten av folka i huset her på skule og jobb, så då får eg ei roleg veke her heime for å lade batteria til opningshelga i Nordfjord!

Bildet er resultatet av gårsdagens vind og høljregn, utemøblane rulla både her og der...

fredag, august 17

Yatzy.. for voksne

Familien og eg sat i stova og såg på tv, "Festivalsommer, Øya-festivalen" på NRK... Det hadde vore ein heller tiltakslaus dag, og alle satt inne med den samme dårlige følelsen av å ikkje ha fått utnytta dagen på noko nevneverdig god måte... Mamma måtte øve på noko ho skulle synge neste dag. For å øve, måtte ho ha pianoet, og dermed heile rommet for seg sjølv. Vi såg på kvarandre med undrande blikk, "kva no?". Håvard var den som skulle komme ut med den tanken alle andre tenkte: "vi må spele eit spel!" Stemninga gjekk i taket, alle var enige, i kveld skulle vi spele eit spel! Men etter å ha planta beina trygt på bakken var det ein ny tanke som skulle gnage og slite i Mongstad´s hjerneceller: "ka skulle vi spele?"...

Settlers kjem som eit naturlig alternativ, men etter å ha knust både bror og kamerat sønder og sammen dagen før trengte eg litt meir utfordring enn det... "Poker!", nei, eg skulle opp tidlig på jobb neste dag...
Volumet på TV-en skrus sakte opp igjen...
"Det löser sig" rungar gjennom huset...
Mamma blir utålmodig, men rett før volumet når 14, kjem pappa brasande inn med osteskjeva i handa etter ein kjapp tur på kjøkkenet, "yatzy!". "Yatzy?" tenkte eg, "har jo spelt det så mange gonga før! Viss han ikkje kjem opp med nåke nytt og revolusjonerande innan yatzysporten, kanskje med avanserte og utfordrande spelemåtar, så gidd ikkje eg...". Eg trudde eg hørte ekko av meg sjøl, men der sto pappa og ropte ut "dette er nåke nytt og revolusjonerande innan yatzysporten, det tar i bruk avanserte og utfordrande spelemåtar, bli med!"

Vi letta på våre gluteus maximus og forflytta oss ein etasje ned. Mamma var fornøyd, vi hørte volumet sige ut og det siste klikket før skjermen blei svart. Vi sette oss like gjerne inn i studioet, då har ho definitivt ingenting å klage på!
Tankane mine var blanda, fylt med forventning og spenning, men óg med ein smule skuffelse av at vi skulle bruke kvelden på yatzy. Men allereie før vi sette oss ned, høyrde eg: "viss du får meir enn 5000 poeng, så é du ganske god!" Ai, skulle vi sitte heile natta for å få så mange poeng? nei, berre halve... Vi blir tildelt ei heil side maxiyatzykladdeark og må fylle ut diverse teikn og rekkjer... Vidare følgjer reglane:
Må vere med:
5 terningar
3 kast kvar
Ingen kast- oppsamlingsmoglegheiter (for yatzykjennarar, svarte brikker...)
Yatzykladdeark (På grunn av at vi aldri spelar vanleg yatzy må vi bruke maxiyatzyark, men det er berre å stryke ut diverse kombinasjonar som krev 6 terningar...)

Dette er fri, og ikkje tvungen yatzy, med enkelte unntak som kjem seinare... altså når ein kastar, kan ein setje kombinasjonen kor som helst på "brettet" ditt
1 - Set inn brettet som vist på biletet, kvar spelar har sitt eige brett
2 - Ein spelar med alle rekkjene i bruk heile tida, men som vi ser, blir summen nedover i den andre rekkja gonga med to til slutt i spelet, rekkje tre med tre osv...
3 - på rekkje 4 står det ei pil som peikar nedover, denne rekkja blir spelt med tvungen yatzyreglar, altså ein må starte med einarane, så toarane osv
4 - rekkje fem fungerar motsatt, startar med yatzy, og går vidare oppover
5 - Rekkje seks må trillast på kast der ein trillar alle terningane samtidig, altså, får ein ein liten straight på eit kast, kan ein setje 15 poeng på den. Viktig: sjølv om ein ikkje får kombinasjonen på det første kastet, kan ein klare det på anten det andre, eller tredje, men ein må alltid kaste alle samtidig for å få den gjeldande kombinasjonen... Som vi hugsar frå pkt 2, vil summen i denne rekkja bli multiplisert med seks i poengtellinga i slutten av spelet. så det kan vere lurt å prøve å skaffe mest mogleg poeng her...
6 - Trillar om tur, høgaste tall startar

Tips:
-Det kan ta lang tid å tenkje på kva ein skal setje kombinasjonen på, så for å få fortgang i det, bør ein sende terningane vidare med ein gong ein har kasta ferdig...
-Ein sankar mykje poeng på dei siste rekkjene, prøv å fyll ut dei med høgast mogleg tallkombinasjonar
-Rekkje 1 er lite lønnsom å satse stort på, ofte blir denne brukt til å stryke...
-Kom tidleg igang med 4 og 5, bonus på femmar-rekkja er vanskeleg å få viss ein ikkje har ein del kast å kvile på... hugs at ein må uansett ha 63 p eller meir for å få bonus, (tre av kvar)


Runden var jamn, og definitivt hard og lang, med mange psykiske angrep frå både søster, bror og far... Men til slutt, etter å ha svetta ned studiorommet, gjekk berre ein kar ut seirande... Ja, det var meg, fekk t.o.m over 5000 poeng! 5168 for å være heilt presis... Fornøyd med meg sjølv krøyp eg til køys og drøymde om framtidige troféar og triumfar...

Må nemne at pappa og tre andre godt voksne barske mannfolk satt å spelte dette til langt på natt etter bryllupet for ei tid tilbake.. yatzy, liksom..

Yatzy for vidarekomne!:) (øyvind!!)

måndag, august 13

Veke(1)bildet!

Jeg tog min nystemte Cithar i Hænde,
Sorgen forgik meg paa Ulrikens top.
Tænkte paa Bauner om de skulde brænde
og byde Mandskap mod Fienden opp;
følede Freden, blev glad i min Aand
og greb til min Cithar med legende Haand.
følede Freden, blev glad i min Aand
og greb til min Cithar med legende Haand.

Ja, her ser vi forventningsfulle trøndarar som tenkte at dette skulle gå veien... men som vi alle veit, skulle det etter 90 min vise seg at det beste laget atter ein gong skulle ro dette trygt i havn!

I helga har eg vore hos Joakim, vi har vore på G-sport, innebandy, vannkanten, brann-kamp og truffe igjen folk frå framnes! kongehelg! Godt å sjå folk igjen før vi spres ut over alle kantar og viddar..

torsdag, august 9

Vekebilde!


Her har eg ei greie som kunne ha vore kjekt å drive med framøve for å holde kvarandre oppdatert på kor du e og ka du drive med, og samtidig holde trafikken igang på bloggane. Eg og Rut har allerede holdt på med "Vekebildet" no gjennom sommarferien og skal fortsette med det så lenge som mulig!


Det funka enkelt og greitt sånn:
Ta eit bilde kvar veke, av kva som helst mellom himmel og jord, og legg det i eit innlegg på bloggen din..
Skriv nåken ord i tillegg, feks navn på bildet og i ka sammanheng det blei tatt!

tysdag, august 7

Håndvask

Det går an å vaske klær for hand! Du tar faktisk berre vatn og vaskepulver oppi ein stor vask/balje, så gnir og vrir du ei stund..

Berre sånn i tilfelle vaskemaskina skulle streike...:)

måndag, august 6

Nei... skulle du ha sett..

Eg er ein slagen mann..
Måtte til slutt gi etter for presset..
Bloggen "knips" er ein realitet!