Ski & Surf

måndag, september 24

Veke(7)bildet!


Segltokt til Orknøyane

Etter ei roleg helg heime tok eg turen til Bergen for å borde Noregs største og eldste seglskute, Statsraad Lehmkuhl. Vel framme møtte eg resten av skulen som allereie var igang med oppropet. Sersjant Sverre roper opp og vi svarer med høge "hoi". Det er motvind og vugginga tek til umiddelbart etter kursendring vestover... Eit kvarter seinare ligg elvar og lærarar strødd utover på stordekk innan rekkevidde av spyrenna. Køen blei lengre ettersom dønningane skifta retning og kom rett inn forfra. Vi få som framleis var friske, holdt oss på trygg avstand på halvdekk og fordekk i frykt for stankens vrede. Eit drag av oppkastens aroma får den mest hardbarka sjømann til å vrenge magen...

Eg var på vaktlag rød, som hadde vakt frå 12 til 4 både dag og natt, vi sette segl, beslo segl, vaska segl og åt ekstremt god mat! hovudmasta er 48 meter høg, røylen, som er det høgaste seglet, heng på rundt 42 meter. Ytterst på dette seglet trengs det folk som kan feste det når ein ikkje brukar det... Heftigaste opplevelsen så langt!:)

Ellers fekk vi ein fin guida tur på orknøyane, og fant ut at været der er akkurat som vestlandets, men gonge 10... Det ekstremt ustabile været vart intet savn idet vi kasta los og sette kursen heimover. Vi ankra opp i fjorden ved skulen, og vart henta inn av småbåtar som kjørte inn og ut fortløpande. Turen var heilt konge, og eg kunne gjerne vore med nåken veker til! Opplevelse for livet!:)

søndag, september 16

Veke(6)bildet!

Splash!

Frå skitur den eine veka går vi over til surfing, boccia og sandslott neste veke! Tirsdagen reiste vi tidlig frå Nordfjord og endte opp i Hoddevika til meterhøge bølger, og den kulaste overnattingsplassen eg nåken gang har vore på.. Det var ingen tvil om at det var ein plass dedikert til surfeglade folk frå både nærmt og fjernt...

Nokre fekk på seg drakter og hoppa i sjøen straks. Vi var delt i to grupper, så mi gruppe måtte vente nokre timar på den første gruppa. Dødtida som oppsto mens den eine gruppa var uti sjøen brukte resten på sandslottbygging, boccia og millionærspeling i kjellarstova på "hotellet"..

Eg klarte etter ein del forsøk å stå ei bølge heilt inn til stranda og fekk smaken på surfing for fullt. Heldigvis skal vi tilbake to gonga til før jul, så her er mulighetane store!

No ventar Statsraad Lehmkuhl neste veke og vi ser fram til ein heftig tur med masse liv og klatring i dei 40-50 meter høge mastene!:)

Håvard Lothe!


Den siste tida har mine to brødre, Erlend og Torstein, spelt konsertar og gitt ut plate.. Mannen dei spelar ilag med heiter Håvard Lothe, og er å finne i alle plateutsalg, både på nett og i butikkane. For dei som likar roleg, mjuk og god kvalitetsmusikk, sjekk ut musikken og kjøp plata! Ligg foreløpig på 8. plass på vg-lista norsk, og på 32 plass på vg-lista topp 40!
Sjekk ut desse linkane:
---Heimesida
---Intervju og sang på btv
---God morgen norge, Håvard Lothe m/band (erlend på synth, torstein på bass)
Velg God morgen norge, tirsdag 4 sept...
"Stumble": 26.12
"Easily": 2.48.12

måndag, september 10

Veke(5)bildet!

Wosh!

Denne veka var vi på topptur for aller første gong, på ski! Dagen før fant vi ut at vi ikkje kunne stikke på den ro-turen vi hadde planlagt, så folk forbereda seg på ein roleg dag
... Men Eli (læraren vår) sa "oss hè ein plan!". Det var rapportert slaps på veiane øve Strynefjellet, så alle var enige. Vinteren var kome! Alle sprang stormande ut av storklasserommet i desperate søk etter ski som ville tåle ei ripe til eller frå. Nåken hadde snowboard, nåken hadde telemarkski, mens resten hadde lånt seg fjellski...

Stemningen var nådd eit høgdepunkt idet vi tråkka ut av minibussen, fjella var krittkvite og klar for å bli nedkjørt av ivrige skientusiastar. Legg merke til at eg skriv "...fjella var krittkvite...", for når vi kom ned igjen, hadde det meste av nysnø forsvunne... Men det var ein kongetur likevel, eg fekk smurt litt på den rustne telemarkstilen

Bildet er av Øystein som dessverre strakk kneet sitt litt den første turen, men heldigvis ingen alvorleg skade.

Ellers er folkehøgskulelivet topp og det har vore sjantisang og oppladning til Statsraad Lehmkuhl-turen!

fredag, september 7

Kaffe

No har eg tid til å skrive litt endelig... nettet har gått av og på i eitt denne første tida, men ein ting har eg lagt merke til dei få gongane eg har komt meg innpå, meiningsmålinga mi om kaffi fekk eit interessant resultat: 45% svarte "nei, kaffi er ikkje godt!", 35% svarte "ja, kaffi er godt" og resten svarte "kaffi er kun for kosen, hverken godt eller ekkelt"...

Sidan så mange avga stemmer i undersøkinga kan vi raskt skjønne at resultata kan representere Noregs folk med svært lita feilmargin. Det er godt å sjå at eg ikkje er den einaste ikkje-drikkande 19åring i dag. Etter å ha satt mine bein i matsalen her på Nordfjord folkehøgskule trudde eg at berre eit mirakel kunne hjelpe meg gjennom eit hardt år der kaffien flyt fritt og gruppepresset pressar sterkare enn nokon gong før. Men å sjå at størstedelen av noregs befolkning føretrekk eit reint liv varmar mitt hjarte og styrkjer motstandskrafta! Det er faktisk vi som er i fleirtal, så det er merkelig at det aldri vert snakka om gruppepress mot kaffidrikkarar...

søndag, september 2

Veke(4)bildet!


Åpningstur til Breidalen

Ja, då va året skikkelig i gang, og for å få ein smakebit på vekene utover året reiste vi på tur til Breidalen på tirsdag.. vi starta med å stige 800 meter opp til vår første leir på turen. Været var ustabilt, til og med tåka var rastlaus og dukka opp og forsvant kvart augneblink... men i løpet av natta snødde det, og neste dag vandra vi opp på 1300 meters høgde, vandra i nysnø og fekk smaken på vinteren og pudder...

I skrivande stund spring vi rundt for å få tak i ski til morgondagens topptur på Strynefjellet. Det går i fjellski, for vi venta ikkje ekstremt djup snø, og så har eg selfølgelig ikkje tatt med telemarkskia mine opp her endå... Jakka mi er òg ute av drift, og er inne til reperasjon hos bergans, så det blir spennande i måra når vi skal kjenne snø under skia!

Ellers står opplevingane i kø og livet er kanon!:)
(Laga ein slideshow exclusive for Breidalen-turen..)