Denne veka var vi på topptur for aller første gong, på ski! Dagen før fant vi ut at vi ikkje kunne stikke på den ro-turen vi hadde planlagt, så folk forbereda seg på ein roleg dag
... Men Eli (læraren vår) sa "oss hè ein plan!". Det var rapportert slaps på veiane øve Strynefjellet, så alle var enige. Vinteren var kome! Alle sprang stormande ut av storklasserommet i desperate søk etter ski som ville tåle ei ripe til eller frå. Nåken hadde snowboard, nåken hadde telemarkski, mens resten hadde lånt seg fjellski...
Stemningen var nådd eit høgdepunkt idet vi tråkka ut av minibussen, fjella var krittkvite og klar for å bli nedkjørt av ivrige skientusiastar. Legg merke til at eg skriv "...fjella var krittkvite...", for når vi kom ned igjen, hadde det meste av nysnø forsvunne... Men det var ein kongetur likevel, eg fekk smurt litt på den rustne telemarkstilen
Bildet er av Øystein som dessverre strakk kneet sitt litt den første turen, men heldigvis ingen alvorleg skade.
Ellers er folkehøgskulelivet topp og det har vore sjantisang og oppladning til Statsraad Lehmkuhl-turen!



2 kommentarer:
Hei Eirik:)
Ahh, konge då! DA såg faktisk diggbart ut!! Høyres ut so du har da bra på Nordfjord;)? Enjoy vidare! og helsa t Øystein;)
Eg storkose meg her på Verket òg! Da kjeme ei oppdatering på bloggen min snart;)
Hej då!
Halla! du har heilt rett, det va heilt kooonge!! e masse liv og røre her, tura i eitt sett, driv å pakka t segletur med statsraad lehmkuhl no... lite tid til netttrafikk, men prøve å holde sida oppdatert så godt som mulig...
Legg inn en kommentar