Ski & Surf

fredag, august 17

Yatzy.. for voksne

Familien og eg sat i stova og såg på tv, "Festivalsommer, Øya-festivalen" på NRK... Det hadde vore ein heller tiltakslaus dag, og alle satt inne med den samme dårlige følelsen av å ikkje ha fått utnytta dagen på noko nevneverdig god måte... Mamma måtte øve på noko ho skulle synge neste dag. For å øve, måtte ho ha pianoet, og dermed heile rommet for seg sjølv. Vi såg på kvarandre med undrande blikk, "kva no?". Håvard var den som skulle komme ut med den tanken alle andre tenkte: "vi må spele eit spel!" Stemninga gjekk i taket, alle var enige, i kveld skulle vi spele eit spel! Men etter å ha planta beina trygt på bakken var det ein ny tanke som skulle gnage og slite i Mongstad´s hjerneceller: "ka skulle vi spele?"...

Settlers kjem som eit naturlig alternativ, men etter å ha knust både bror og kamerat sønder og sammen dagen før trengte eg litt meir utfordring enn det... "Poker!", nei, eg skulle opp tidlig på jobb neste dag...
Volumet på TV-en skrus sakte opp igjen...
"Det löser sig" rungar gjennom huset...
Mamma blir utålmodig, men rett før volumet når 14, kjem pappa brasande inn med osteskjeva i handa etter ein kjapp tur på kjøkkenet, "yatzy!". "Yatzy?" tenkte eg, "har jo spelt det så mange gonga før! Viss han ikkje kjem opp med nåke nytt og revolusjonerande innan yatzysporten, kanskje med avanserte og utfordrande spelemåtar, så gidd ikkje eg...". Eg trudde eg hørte ekko av meg sjøl, men der sto pappa og ropte ut "dette er nåke nytt og revolusjonerande innan yatzysporten, det tar i bruk avanserte og utfordrande spelemåtar, bli med!"

Vi letta på våre gluteus maximus og forflytta oss ein etasje ned. Mamma var fornøyd, vi hørte volumet sige ut og det siste klikket før skjermen blei svart. Vi sette oss like gjerne inn i studioet, då har ho definitivt ingenting å klage på!
Tankane mine var blanda, fylt med forventning og spenning, men óg med ein smule skuffelse av at vi skulle bruke kvelden på yatzy. Men allereie før vi sette oss ned, høyrde eg: "viss du får meir enn 5000 poeng, så é du ganske god!" Ai, skulle vi sitte heile natta for å få så mange poeng? nei, berre halve... Vi blir tildelt ei heil side maxiyatzykladdeark og må fylle ut diverse teikn og rekkjer... Vidare følgjer reglane:
Må vere med:
5 terningar
3 kast kvar
Ingen kast- oppsamlingsmoglegheiter (for yatzykjennarar, svarte brikker...)
Yatzykladdeark (På grunn av at vi aldri spelar vanleg yatzy må vi bruke maxiyatzyark, men det er berre å stryke ut diverse kombinasjonar som krev 6 terningar...)

Dette er fri, og ikkje tvungen yatzy, med enkelte unntak som kjem seinare... altså når ein kastar, kan ein setje kombinasjonen kor som helst på "brettet" ditt
1 - Set inn brettet som vist på biletet, kvar spelar har sitt eige brett
2 - Ein spelar med alle rekkjene i bruk heile tida, men som vi ser, blir summen nedover i den andre rekkja gonga med to til slutt i spelet, rekkje tre med tre osv...
3 - på rekkje 4 står det ei pil som peikar nedover, denne rekkja blir spelt med tvungen yatzyreglar, altså ein må starte med einarane, så toarane osv
4 - rekkje fem fungerar motsatt, startar med yatzy, og går vidare oppover
5 - Rekkje seks må trillast på kast der ein trillar alle terningane samtidig, altså, får ein ein liten straight på eit kast, kan ein setje 15 poeng på den. Viktig: sjølv om ein ikkje får kombinasjonen på det første kastet, kan ein klare det på anten det andre, eller tredje, men ein må alltid kaste alle samtidig for å få den gjeldande kombinasjonen... Som vi hugsar frå pkt 2, vil summen i denne rekkja bli multiplisert med seks i poengtellinga i slutten av spelet. så det kan vere lurt å prøve å skaffe mest mogleg poeng her...
6 - Trillar om tur, høgaste tall startar

Tips:
-Det kan ta lang tid å tenkje på kva ein skal setje kombinasjonen på, så for å få fortgang i det, bør ein sende terningane vidare med ein gong ein har kasta ferdig...
-Ein sankar mykje poeng på dei siste rekkjene, prøv å fyll ut dei med høgast mogleg tallkombinasjonar
-Rekkje 1 er lite lønnsom å satse stort på, ofte blir denne brukt til å stryke...
-Kom tidleg igang med 4 og 5, bonus på femmar-rekkja er vanskeleg å få viss ein ikkje har ein del kast å kvile på... hugs at ein må uansett ha 63 p eller meir for å få bonus, (tre av kvar)


Runden var jamn, og definitivt hard og lang, med mange psykiske angrep frå både søster, bror og far... Men til slutt, etter å ha svetta ned studiorommet, gjekk berre ein kar ut seirande... Ja, det var meg, fekk t.o.m over 5000 poeng! 5168 for å være heilt presis... Fornøyd med meg sjølv krøyp eg til køys og drøymde om framtidige troféar og triumfar...

Må nemne at pappa og tre andre godt voksne barske mannfolk satt å spelte dette til langt på natt etter bryllupet for ei tid tilbake.. yatzy, liksom..

Yatzy for vidarekomne!:) (øyvind!!)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Ka med min poengsum, då?
Eg rekna aldri ut ka det blei..!
Ka om eg slo deg då? grubl på den, du!

Øyvind Bye sa...

det er nesten saa jeg feller en taare her jeg sitter..
Hores veldig goy ut, men jeg har nesten ikke tid til slikt her nede. Skikkelig travelt. Likevel er det haap, for jeg har med yatzyblokka... Hortes skikkelig goy ut, maa prove det..

Eirik sa...

tenkte nok du hadde det litt travelt, e litt tidkrevande spel, men etter nåken runda så går det på skinner! Ganske gøy når du har spelt yatzy tusen gonga før og trenge litt variasjon...:)
går det bra nedi australia?

Øyvind Bye sa...

det gaar greit, men det er hektisk, utfordrende og vanskelig med engelsk...

har allerede hatt en del skikkelig gode opplevelser. fin natur, long-bowling, line-danceosv..