Ski & Surf

søndag, august 26

Veke(3)bildet!

Spotlights..!!

Jepp, eg og Oddvar har spotlights (med dimmer selfølgelig!) på rommet vårt! Og ikkje nok med det, når vi går ut av rommet, skrur alle lys seg av! Når vi så kjem inn igjen, skrur desse seg på igjen:) Nøkkelen er eit kort, sånne som dei har på hotell, vi har to enorme skap kvar pluss hylla som heng øve senga... rommet kan nesten samanliknast med avisstova på framnes (stort)...


Men det er ikkje berre rommet som skal få sin plass i vekebildet, folka her e heilt kanon.. vi har ikkje hatt noko klassesamling endå, anna enn litt leik på ettermiddagen i går, men eg ser fram til heftige stunder i pudderen og kos rundt bål med ein klasse som er her av akkurat samme grunn som meg: ha eit opplevelsesrikt og avslappande år ilag med andre utan å måtte ha skulen hengande på skulderen!

Internett-tilkoblinga på rommet er endå ikkje oppe og går, så det kan bli litt lite oppdateringa framøve, men eg skal prøve!

Ingen kommentarer: